Feiltolking om maskeopning

Oppdrettarar har feiltolka tilrådinga om maskeopning for smolt. Fiskeridirektoratet vil no ha meir kunnskap om risikoen for at smolten kan rømme igjennom notmaskene.

– Det er funn frå tilsyna våre som gjer at vi no vel å prioritere dette temaet. Vi har avdekt fleire tilfelle der oppdrettar har feiltolka dei gjeldande tilrådingane for minste individvekt i forhold til maskeopning, seier Magnus Torvik, seniorrådgjevar innan tilsynsutvikling i Fiskeridirektoratet.

I tillegg viste tilsyna at det kan vere store skilnader i rutinane for korleis ein går fram for å finne minste individ før utsett i sjø. Dette er faktorar som kvar for seg kan resultere i at det blir sett ut fiskegrupper med individ som er små nok til å kunne kome seg ut gjennom maskene i nota.

Når smolt blir sett ut i sjøen i merd må notmaskene vere små nok til å hindre at sjølv den minste fisken kan rømme igjennom dei.

Kunnskapsbestilling

– Erfaringar frå tilsyna våre viser at det er behov for ein auke i kunnskap for å sikre at det ikkje skal kunne rømme fisk på denne måten, seier Torvik.

– Vi har derfor sendt ei bestilling til Havforskingsinstituttet med mål om å auke kunnskapen om ulike faktorar som kan påverke risikoen for at fisk rømmer igjennom maskene, seier han.

Dette inkluderer kunnskap om biologisk variasjon, metodar eller modellar for å finne minste individ i ei fiskegruppe før utsett i merd og praktiske forsøk for å finne minste individ som kan trenge igjennom ulike maskeopningar i oppdrettsnøter.

Revidert standard

– Vi har også funne at metodane som blir brukt for å måle maskeopning på oppdrettsnøter varierer. Til dette funnet vil vi trekke fram at NS9415 kom i revidert utgåve i 2021, seier Magnus Torvik.

Den reviderte standarden inkluderer no ein tydeleg definisjon av omgrepet maskeopning, med detaljert skildring av korleis dette skal målast.

Ny teknologi

Dei siste åra har det kome nye teknologiske løysingar for fiskeoppdrett både i sjø og på land.

Det gjer at det er behov for eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om grenseverdiar for minste fisk både i tradisjonelle nøter og i alternative innhegningar. Slike nye, alternative typar innhegning kan inkludere semi-elastiske og stive strukturar, i tillegg til semi-lukka og lukka teknologi som nyttar siler eller rister i innløp og utløp.

– Dette er ein viktig del av bestillinga og noko som ikkje har vore inkludert i dei tidlegare studiane ved Havforskingsinstituttet, sidan fokuset då har vore på tradisjonelle merdar med nøter, seier Magnus Torvik.

Vil revidere tilrådinga

– Vi ser at det kan ta tid å få gode svar på den relativt omfattande kunnskapsbestillinga vi har sendt til Havforskingsinstituttet. I mellomtida vil vi revidere råda våre basert på det vi har av tilgjengeleg kunnskap i dag og erfaringar frå tilsyn, seier han.

Parallelt med arbeidet til Havforskingsinstituttet vil Fiskeridirektoratet gjere eigne undersøkingar for å avdekke om det kan vere vesentleg variasjon i maskeopning i ei og same not, og om maskeopningane varierer mykje mellom ulike nøter med like spesifikasjonar.

Oppdatert: 22.04.2022