Har du mista noko?

Plast i havet er eit av verdas store miljøproblem og kvart år hamnar tonnevis med taustumpar og plastbitar i havet. Mykje av dette finn vi att langs kysten, men det meste blir verande i havet. Dette kan vi gjere noko med.

Senter mot marin forsøpling, Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Fiskeridirektoratet har alle sine arbeidsoppgåver knytt til havet og kjenner eit stort ansvar for å kjempe mot forsøpling av alle slag som forureinar havet. Dei fire etatane har difor gått saman om ein stor kampanje som retter søkelyset på marin forsøpling og kva vi alle kan bidra med for å få bukt med all plasten som hamnar i sjøen.

Bergen 20. juni 

Måndag 20. juni kl. 12:00 blir kampanjen lansert på Torgalmenningen i Bergen. Skodespelaren Helge Jordal er opptatt av eit reint hav og er ein sentral aktør på lanseringsfesten. Det blir også statssekretær Kristina Hansen i Nærings- og fiskeridepartementet, sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide, kystdirektør Einar Vik Arset og direktør Ann-Helen Ernstsen i Senter mot marin forsøpling.

helge-har-du-mista-noe.jpg

Kvifor hamnar plastavfall i havet og er det mogeleg å gjere noko med problemet? Svært mykje av taustumpar, plastbitar og bitar av fiskereiskapar hamnar i havet rett og slett på grunn av dårlege haldningar eller dårlege rutinar – at vi mister rusk og rask mens vi driv med andre aktivitetar på sjøen. Difor spør vi; har du mista noko?

Vi må ta oss sjølve i nakken 

Dei aller fleste er einige om at dårlege haldningar og mangelfulle rutinar er hovudårsakene til marin forsøpling, og dei fleste er uroa over all forsøplinga av havet. Viss vi alle tar oss sjølve litt i nakken og bryr oss litt meir kan vi redusere mengdene med plastavfall i sjøen betydeleg.

Tenk gjennom kva du tar med deg på sjøen, sjekk tilstanden på utstyr du har om bord og ver bevisst på at du ikkje skal miste noko. Klarer vi det er vi kome mykje lenger mot eit plastfritt hav.

Det viktigaste er å stanse tilførselen av uønska plast. Først når vi alle er bevisste på at taustumpen skal i søpla og ikkje på sjøen vil vi sjå resultat av felles innsats og eit reinare hav.

Oppdatert: 16.06.2022