Merking av reiskap

Fiskereiskap som står i sjøen skal vere tydelig merka med eigars namn og adresse. Også sanke- og samleteiner skal merkast. Merket skal finnast på minst éi av blåsene eller bøyene. På utstyr som ikkje har blåse eller bøye, skal du merke sjølve reiskapen.

Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak som er tydeleg merka med fiskarens deltakarnummer, namn og adresse (for yrkesfiskarar: fartøyets registreringsmerke). Teinene kan framleis settast fleire i lenke.

Nye reglar om merking frå 1. januar

Frå 1. januar 2022 er det innført krav til merking av teiner og ruser i fritidsfiske. Dette kjem i tillegg til det gjeldande kravet til merking av vak/blåser.

Merket bør festast øvre del av teina/rusa og må tåle saltvatn. Merket bør vere av en slik kvalitet at det ikkje losnar og dermed bidreg til marin forsøpling. Dersom fleire reiskapar er sett i lenke, gjeld kravet kvart enkelt reiskap i lenka.

Sanke- og samleteiner som står i sjøen for oppbevaring av skaldyr skal vere merka på same måte.

Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak som er tydeleg merka med fiskarens deltakarnummer, namn og adresse (for yrkesfiskarar: fartøyets registreringsmerke). Teinene kan framleis settast fleire i lenke. Frå 1. januar 2022 skal også kvar enkelt teine vere merka.

Det gjeld spesielle reglar for området utanfor fire nautiske mil av kystlinja . I Finnmark gjeld desse reglene også innanfor fire nautiske mil.