Personvernerklæring

Fiskeridirektoratet vernar og respekterer ditt personvern. Vi behandlar personopplysingar i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande personvernlovgjevinga. Denne personvernerklæringa beskriv korleis Fiskeridirektoratet samlar inn og brukar personopplysingar, og kva vi gjer for å beskytte dine personopplysingar. Personvernerklæringa vert oppdatert fortløpande.

Fiskeridirektoratet er behandlingsansvarleg for vår behandling av personopplysingar. Fiskeridirektøren har det formelle og overordna ansvaret. Fiskeridirektoratet har oppnemnt eit personvernombod som kan kontaktast på e-post  .

Opplysingar samla inn som del av vår forvaltingsverksemd

Tildeling av rettar, kontroll og tilsyn og innrapportering

Når Fiskeridirektoratet tek i mot søknader om tildeling av rettigheiter, oppdatert informasjon knytt til tildelte rettigheiter eller klager på avslåtte søknader om rettigheiter, behandlar vi opplysingar for å kunne oppfylle våre lovpålagte plikter. Dette inkluderer blant anna kontaktinformasjon og annan informasjon som er nødvendig for å kunne behandle saka.

Fiskeridirektoratet behandlar også personopplysingar i forbindelse med vår kontroll- og tilsynsverksemd. Dette inkluderer blant anna opplysingar om kontaktperson i verksemda, opplysingar om andre tilsette og annan informasjon som er nødvendig for å kunne behandle saka.

På same måte som Fiskeridirektoratet er pålagt å behandle personopplysingar, er også enkelte eksterne aktørar pålagt dette, til dømes i samband med rapportering til Fiskeridirektoratet. Delar av det som blir rapportert, slik som landings- og sluttsetlar, inneheld personopplysingar. Fiskeridirektoratet behandlar opplysingane for å kunne gjennomføre våre lovpålagte oppgåver.

Behandlingsgrunnlaget er i alle dei ovannemnde tilfelle personvernforordninga, artikkel 6 nr. 1 e), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for utøving av offentleg myndigheit. Dersom informasjonen vi mottar inneheld særlige kategoriar av personopplysingar, er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordninga, artikkel 9 nr. 2 g). Opplysingane vil, dersom dei er journalpliktige, oppbevarast i tråd med reglane i arkivlovgjevinga.

Tipse Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet har ein database over mottekne tips. Formålet med databasen er å ha ein systematisk oversikt over førespurnader, og for å kunne planlegge kontrollar. Databasen inneheld informasjon om tipsar og kva saka gjeld. Behandlingsgrunnlaget er, i likheit med mange av dei andre delane av vår forvalting, personvernforordninga, art. 6 nr. 1 e), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for utøvinga av offentleg myndigheit.

Opplysingar som vert samla inn når du kontaktar oss

Når du ringer oss, vil ditt telefonnummer bli lagra saman med opplysingar om når du ringte og kor lenge samtalen varte. Denne loggen er nødvendig for administrasjon og drift av systemet, og vert brukt som grunnlag for statistikk på aggregert nivå.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga, artikkel 6 nr. 1 f), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for å vareta ei rettmessig interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkeltes personvern. Den rettmessige interessa er å administrere og drifte telefonisystemet.

Dersom ein telefonsamtale er knytt til ei enkeltsak, eller tema for samtalen og art tilseier det, vil det kunne bli skrive eit notat som vert journalført etter samtalen. Tilsvarande vil førespurnader via e-post, til dømes til  , bli journalført i den utstrekning det føreligg plikt til det.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga, artikkel 6 nr. 1 e), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for utøving av offentleg myndigheit. Dersom din førespurnad inneheld særlege kategoriar av personopplysingar, er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordninga, artikkel 9 nr. 2 g).

Hentar adresser frå Folkeregisteret

Nokre av Fiskeridirektoratet sine elektroniske skjema krev at du identifiserer deg med fødselsnummeret ditt. Når du oppgjev fødselsnummer, kan Fiskeridirektoratet få tilgang til informasjon om deg frå Det sentrale folkeregister. Fiskeridirektoratet hentar berre inn opplysingar som er nødvendige for å kunne saksbehandle søknaden din. Til dømes kan det vere nødvendig å hente søkjaren si bustadadresse frå Folkeregisteret.

Fiskeridirektoratet har fått løyve frå Skattedirektoratet til å hente desse opplysingane.

Verken Altinn eller Fiskeridirektoratet har tilgang til å hente adresser som er klientadresser, hemmelege adresser eller adresser som er rekna som fortrulege.

Kven deler vi opplysingar med?

Fiskeridirektoratet deler opplysingar med andre kontrolletatar, fiskermyndigheiter, salslag og Sjøfartsdirektoratet. I tillegg er vi omfatta av reglane i offentleglova, noko som inneber at vi har plikt til å gje innsyn i opplysingar eller registre der det er framsett eit krav om innsyn og opplysingane ikkje samtidig er omfatta av lovbestemt teieplikt.

Fiskeridirektoratet har gjort enkelte av våre registre søkbare via nettsida vår (fiskeridir.no). Her kan ein blant anna finne informasjon om tildelte løyve.

Eksterne leverandørar som leverer tenester til oss

Fiskeridirektoratet bruker nokre gonger eksterne leverandørar for å utføre oppgåver på vegner av oss. Det gjeld til dømes IT-leverandørar. I slike tilfelle inngår vi avtalar med leverandør. Vi stiller strenge krav til sikkerheit, kontroll og dokumentasjon for å beskytte dine personopplysningar. Det betyr at de ikkje kan bruke personopplysningane dine til andre formål enn det som er avtalt med oss. Leverandør har samme teieplikt som tilsette.

Rettane dine

Du har til ei kvar tid rett til innsyn i dei opplysingane som er lagra om deg. I tilfelle du oppdagar at opplysingar vi har lagra om deg ikkje er korrekte, har du rett til å krevje at opplysingane vert korrigerte eller sletta.

I tillegg til ovannemnde rettigheiter, har du også, der behandlingsgrunnlaget er basert på ditt samtykke, rett til å trekkje tilbake samtykket, rett til å bli gløymt (sletta) samt rett til å overføre data til ein annan tenesteleverandør. For å ivareta de andre rettigheitene dine, kan du sende ein e-post til  .

Du har også rett til å klage på korleis Fiskeridirektoratet behandlar opplysingane dine til Datatilsynet:  eller telefon: 22 39 69 00.

Kontakt oss

Dersom du har spørsmål knytt til vår behandling av personopplysingar, eller ønskjer å gjere bruk av rettigheitene dine, kan du når som helst kontakte oss ved å sende ein e-post til  .