Fangstrapportering for turistfiskebedrifter

Frå og med 2022 skal rapportering av fangst frå turistfiskeverksemder skje digitalt på godkjende fagsystem. Fiskeridirektoratet har stengt det midlertidige rapporteringsskjemaet.

Det er kun systema i lista under som skal brukast til fangstrapportering. Det er ikkje mogeleg å sende fangstrapportar via post, e-post eller telefax.

Godkjende fagsystem

(per 15. mars 2022)

Fishlog.no

fishlog.no
Epost:
Tlf: 415 02 632

Fishmemo

fishmemo.com
Epost:
Tlf: 982 82 291

Fishreg

corporate.fishreg.net
Epost:
Tlf: +49 157 52510021

GoFish

gofish.no
Epost: 
Tlf: 776 21 900

Yes seafishing

yesseafishing.no
Epost:
Tlf: 913 78 996

Lista vil oppdaterast ved godkjenning av nye program.

Kva skal rapporterast?

Registrerte turistfiskebedrifter skal rapportere fangst av desse fem artane:

  • torsk

  • kveite
  • uer
  • steinbit
  • sei

Rapporteringa skal skje fortløpande etter kvar enkelt fisketur. Har det ikkje vore fiskeaktivitet treng du ikkje rapportere, men fisketurar utan fangst skal også rapporterast. Rapporteringa gjeld uavhengig av kva nasjonalitet eller bustad den som fiskar har.

Kviforfor skal fangstane rapporterast som mengd fisk og ikkje vekt?

Det er fleire fordelar med å rapportere mengd i staden for vekt: Det er enkelt å rapportere, det er ikkje behov for vekt, og metoden er derfor kostnadseffektiv og lett å gjennomføre. Det spelar inga rolle om fisken vert teken i land som heil fisk eller om den er bløgga, sløyd eller behandla på annan måte.

Ein annan fordel med å rapportere fisk i mengd er at data om mengd fisk per aldersgruppe vert brukt i modellar for å estimere størrelsen på ulike fiskebestandar. Informasjon om mengd fisk, samanhalde med utvalsundersøkingar der det vert samla inn lengde- og aldersdata, kan derfor brukast i bestands­vurderingar. I kommersielle fiskeri vert fangstane rapporterte i vekt (av heil fisk), men desse dataa vert rekna om til mengd fisk fordelt på ulike alders-/lengdegrupper når dei vert brukte i bestandsvurderingar.

Kvifor skal det rapporterast om fisk som vert sett ut att?

Det er grunn til å tru at mengda fisk som vert fanga i turistfisket, men som ikkje vert teke med til land kan vere betydeleg. Dette gjeld fleire av artene som er omfatta av rapporteringspliktene, som kveite, torsk og sei. Slik informasjon kan vere viktig å ha tilgang til for å vurdere utviklinga i dei ulike bestandane. For eksempel har det betyding om endringar over tid i mengd fisk som vert teke til land fell saman med ein auke eller reduksjon i mengd fisk som vert sett ut igjen.