Fisket etter leppefisk

Fisket etter leppefisk har dei siste ti åra utvikla seg i tråd med næringas behov for rensefisk.

Reguleringa har gradvis blitt justert i tråd med aukande kunnskap om bestandane og påvirknad frå fiskeri. Leppefisk blir brukt som rensefisk i oppdrett, og Fiskeridirektoratet er opptatt av at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv, samstundes som vi må ta omsyn til at leppefisk er eit etterspurt miljøvenleg tiltak for å redusere lus i oppdrettanlegga.

Fisket etter leppefisk føregår i tre geografiske område: Sørlandet, Vestlandet og nord for 62°N. Det er i all hovudsak bergnebb og grønngylt som blir fiska.

Med auka minstemål og innføring av maksimalmål for berggylt er fisket etter leppefisk vurdert som eit bærekraftig fiske, med eit totaluttak og beskatningsmønster som følger anbefalingar frå Havforskningsinstituttet.